Innrapportering og betling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift

Som privat arbeidsgivar kan du i utgangspunktet velje mellom 2 oppgjersordningar.

1. Rapportering og betaling som for vanlege arbeidsgivarar (i næringsverksemd) – A-melding.

Private arbeidsgivarar som vel denne ordninga, følgjer dei alminnelege reglane for arbeidsgivarar med omsyn til å opprette særskild skattetrekkskonto, levere a-melding, betale forskotstrekk og eventuelt arbeidsgivaravgift. Arbeidsgivar pliktar òg å registrere arbeidsforholdet i NAV Aa-registeret. Ordninga er mest aktuell for private arbeidsgivarar som forventar at dei samla lønnsutbetalingane vil overstige 60 000 kroner i løpet av året.

2. Den forenkla oppgjersordninga – Melding om lønna arbeid i heimen A04.

Arbeidsgivarar som engasjerer privatpersonar til å passe barn eller til å arbeide i heimen eller på fritidseigedomen, og som ikkje har lønnsutbetalingar som overstig 60 000 kroner i løpet av året, kan bruke Melding om lønna arbeid i heimen A04. Skjemaet kan leverast elektronisk. Då blir opplysningane automatisk sende til skatteoppkrevjaren i bustadkommunen til arbeidsgivaren.

Dersom arbeidsgivar ikkje kan levere elektronisk, skal meldinga skrivast ut og sendast på papir til A-meldinga, Postboks 4329, 2308 Hamar.

Denne ordninga skal ikkje brukast av private arbeidsgivarar som har eller ventar å få lønnsutbetalingar som overstig 60 000 kroner i løpet av året.

Du finn meir informasjon om den forenkla oppgjersordninga i brosjyrane Lønnsarbeid i heimen og Betalt barnepass