Kva er ein oppgjersperiode?

Uttrykket oppgjersperiode blir ofte brukt i samband med betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift.

Det er seks oppgjersperiodar i året. Kvar periode er på to månader:

  • januar-februar
  • mars-april
  • mai-juni
  • juli-august
  • september-oktober 
  • november-desember.

Oppgjersperiodane verkar inn på fristane for betaling. Vi kallar òg ein oppgjersperiode for termin.