Kva er ein privat arbeidsgivar?

Ein arbeidsgivar er ein som yter eit vederlag til ein person som er engasjert for å utføre arbeid anten gjennom eit tilsetjingsforhold eller gjennom enkeltståande oppdrag. Med privat arbeidsgivar meiner vi i denne brosjyren ein person som i eigenskap av privatperson engasjerer ein arbeidstakar

Det er to unnatak frå dette:

  • Du blir ikkje arbeidsgivar dersom den du engasjerer utfører oppdraget som ledd i si eiga næringsverksemd.
  • Du blir heller ikkje arbeidsgivar dersom lønna eller vederlaget er under visse minstegrenser.