Kva for plikter har ein privat arbeidsgivar?

I skattereglane er det visse plikter ein arbeidsgivar skal oppfylle. For privatpersonar som er arbeidsgivarar, er fleire av reglane forenkla. I denne brosjyren kallar vi desse for private arbeidsgivarar. Næringsdrivande arbeidsgivarar treng meir informasjon enn det som står i denne brosjyren.

Vidare gjer vi greie for korleis ein privat arbeidsgivar må rette seg med omsyn til:

  • Registreringsplikt
  • Forskotstrekk
  • Arbeidsgivaravgift
  • Rapportering
  • Feriepengar