Når er det verksemd?

Det er fire vilkår som må vere oppfylte for at ein  inntektsgivande aktivitet skal kunne reknast som verksemd.

  1. Eigen risiko og rekning
    Eit viktig vilkår er at verksemd skal skje for utøvaren si eiga rekning og risiko. «For eiga rekning» inneber mellom anna at den næringsdrivande sjølv må dekkje utgiftene i samband med arbeidet. Det kan dreie seg om utgifter til materialar, utgifter i samband med innkjøp og drift, driftsmiddel osv. «For eigen risiko» inneber òg at den næringsdrivande har ansvaret for kontraktsmessig å oppfylle oppdraget. Oppdragsgivaren kan til dømes reklamere på resultatet. Den næringsdrivande ber dermed risikoen for økonomisk underskot. Om arbeidet blir utført for eiga rekning og risiko, er ofte det avgjerande vilkåret for å finne ut om det dreier seg om verksemd.
  2. Varigheit og omfang
    Aktiviteten skal ha ei viss varigheit og eit visst omfang. Enkeltståande og/eller meir tilfeldige oppdrag er ikkje utan vidare verksemd. Ein som tek på seg å dele ut reklamemateriell i postkassar for eit firma, er til dømes lønnstakar.
  3. Økonomisk overskot
    Verksemda må vere eigna til å gi økonomisk overskot. Etter dette vilkåret treng det ikkje vere overskot på kort sikt, dersom det kan ventast overskot etter ein innkøyringsperiode.
  4. Aktivitet
    Verksemda må innebere aktivitet. Dersom aktiviteten er så låg at det må reknast som ei passiv kapitalplassering, er det ikkje tale om verksemd. Døme på passiv kapitalplassering kan vere aksjeinvestering og utleige av eigen bustad. Ein næringsdrivande treng ikkje sjølv vere aktiv, men kan til dømes ha tilsette som utfører arbeidet.