Næringsdrivande oppdragstakarar

Det er eit spørsmål som ofte dukkar opp når ein oppdragstakar blir engasjert: Blir arbeidet utført som ledd i verksemda til oppdragstakaren?

Noko forenkla kan vi seie dette:
Engasjerer du ein privatperson, blir du som regel arbeidsgivar. Gir du oppdraget til eit etablert firma, blir du som regel ikkje arbeidsgivar.

Enkelte situasjonar fell mellom desse ytterpunkta. Det er du som oppdragsgivar som har ansvar for å bringe på det reine om oppdragstakaren utfører arbeidet som ledd i verksemd. Opplysningar frå oppdragstakaren kan ikkje alltid leggjast ukritisk til grunn. Dersom du er i tvil om vedkomande er næringsdrivande, bør du ta kontakt med skattekontoret i oppdragstakaren sin kommune før du betaler ut lønna. Skattekontoret kan òg utferde ei erklæring om kva type næringsinntekt oppdragstakaren har fått skrive ut forskotsskatt for. Det er berre oppdragstakaren som kan be om å få ei slik erklæring.

Er du i tvil, bør du handsame vederlaget som lønn. Skattekontoret eller skatteoppkrevjarkontoret kan òg rettleie deg.