Notér arbeidstakaren sine personopplysningar

Notér alltid ned arbeidstakaren sitt namn, adresse og 11-sifra fødselsnummer i tillegg til namn og nummer på arbeidstakaren sin skattekommune. Dette må du gjere sjølv om arbeidstakaren ikkje legg fram skattekort. Skattekontoret kan om nødvendig gi opplysningar om fødselsnummer.

Dersom det gjeld fleire enn tre arbeidstakarar, må du rette ein skriftleg førespurnad til:

Skatt øst Glålum

Særregisteret

Postboks 1073 Valaskjold

1705 Sarpsborg