Registreringsplikt

Den som er arbeidsgivar eller oppdragsgivar, pliktar å registrere seg i arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (NAV Aa-registeret). Dette gjeld i utgangspunktet også private arbeidsgivarar.

Det er likevel gjort unnatak for desse personane:

  • private arbeidsgivarar med lønnsutbetalingar for pass av barn under 12 år og eldre barn som har særleg behov for omsorg og pleie
  • private arbeidsgivarar med lønnsutbetalingar for arbeid i heimen eller på fritidseigedomen når lønnsutbetalingane ikkje overstig 60 000 kroner

Private arbeidsgivarar som ikkje er omfatta av unnataka ovanfor, pliktar å melde dei tilsette inn i Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret). Dette gjer ein ved å sende inn a-melding. Når tilsette sluttar, skal du òg melde inn dette via a-meldinga. Arbeidsgivaren bruker fødselsnummer i staden for organisasjonsnummer.