Unnatak frå arbeidsgivaravgift

Nokre private arbeidsgivarar er unnatekne frå plikta til å betale arbeidsgivaravgift:

  • Private arbeidsgivarar med lønnsutbetalingar for arbeid i heimen eller på fritidseigedomen når utbetalingane ikkje overstig 60 000 kroner per år. Meir informasjon om dette finn du i brosjyren Lønnsarbeid i heimen. Dersom dei samla lønnsutbetalingane for arbeid i heimen eller på fritidseigedomen går over grensa på 60 000 kroner i løpet av året, skal det reknast ut og betalast arbeidsgivaravgift av heile beløpet.
  • Foreldre med lønnsutbetalingar til dagmamma eller praktikant for pass av barn under 12 år eller eldre barn med særleg behov for omsorg og pleie. Meir om dette finn du i brosjyren Betalt barnepass.