Unnatak frå trekkplikt

Det finst unnatak frå plikta til å utføre forskotstrekk for små lønnsutbetalingar. Du kan late vere å trekkje skatt dersom:

  • samla forskotstrekk i ein kalendermånad ikkje overstig 100 kroner
  • lønna til ein person ikkje overstig 500 kroner i ein kalendermånad
  • lønna til ein person ikkje overstig 6000 kroner i løpet av inntektsåret og utbetalinga gjeld arbeid i heimen eller fritidsbustaden til arbeidsgivaren

Det er spesielle reglar for forskotstrekk i naturalytingar (t.d. fri kost og losji) og utgiftsgodtgjersler (t.d. bilgodtgjersle).

Skatteoppkrevjarkontoret kan gi nærmare opplysningar om reglane for forskotstrekk i naturalytingar og utgiftsgodtgjersler.