Reisefrådrag for reiser mellom heim og arbeid

  • Skriv ut

Du får frådrag for kostnader til reiser mellom heim og fast arbeid som overstig 22 000 kroner (2016-satsar). Du har krav på frådraget uavhengig av dei faktiske utgiftene dine. Frådraget blir rekna ut basert på reiseavstand.

Uavhengig av korleis du reiser til jobb, kan du få frådraget for reisa. Dette gjeld uansett om du køyrer sjølv, sit på med andre, har firmabil eller køyrer kollektivt. Reiseavstanden blir rekna ut frå kortaste strekning langs bilveg eller med rutegåande transport, bortsett frå fly.

Overnattar du borte på grunn av jobb?

Dersom du overnattar borte på grunn av jobb, kan du ha krav på pendlarfrådrag. Sjekk om du er pendlar og kva for frådrag du kan ha krav på.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg med spørsmål om skattemeldinga.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.