Utgifter til bom og ferje

  • Skriv ut

Bruker du bil og har faktiske utgifter til bom og/eller ferje som til saman er over kr 3 300 i året, kan du få frådrag for desse kostnadene viss reisetida med bil er to timar kortare tur-retur enn når du bruker rutegåande transportmiddel. Frådrag for slike utgifter er avgrensa til rimelegaste betalingsmåte, det vil normalt seie abonnementsordning, fleirreisekort og liknande. Er utgiftene på meir enn kr 3 300 per år, kan heile beløpet trekkjast frå. Sjå også avsnittet "Utrekning av reiseavstanden". Får du frådrag for ferjebillett, skal ikkje ferjestrekninga reknast med når du skal rekne ut strekninga mellom heim og fast arbeidsplass.

Eksempel:
Den kortaste reisestrekninga til din faste arbeidsplass er å bruke ferje. Det finst gode buss- eller togsamband på strekninga, og du sparer ikkje to timar reisetid tur-retur på å bruke bil. Her vil du ikkje få frådrag for utgifter til ferje.

Eksempel:
Du arbeider skift. Du rekk ikkje fram til arbeidet i tide viss du tek den første ferja eller anna rutegåande transportmiddel om morgonen. Du må derfor bruke bil på strekninga og kan få frådrag for eventuelle bomutgifter.

Eventuelle utgifter til bom eller ferje førast i post 3.2.8

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.