Slik reknar du ut reisefrådraget

  • Skriv ut

Slik reknar du ut reiseavstanden

Reiseavstanden skal setjast til den kortaste strekninga langs bilveg eller med rutegåande transportmiddel (bortsett frå fly) – uavhengig av korleis du faktisk reiser.

Slik reknar du ut reisekostnadene (2016-satsar)

Kostnadene blir fastsette etter ein standardsats på kr 1,50 per kilometer for dei første 50 000 kilometrane per år. Har du ei samla reisestrekning på meir enn 50 000 kilometer per år, er satsen for kilometer-frådraget for resten av strekninga 0,70 kroner. Det blir gitt frådrag for inntil 75 000 kilometer i året.

Dersom du kan dokumentere høgare transportkostnader enn standard avstandsfrådrag for den samla reiselengda, blir det gitt frådrag for desse kostnadene avgrensa opp til 1,50 kroner per kilometer. Du får frådrag dersom dei utrekna reisekostnadene overstig 22 000 kroner.

Maksimalt reisefrådrag er 76 500 kroner og gjeld summen av arbeidsreiser og besøksreiser frå post 3.2.9.

Talet på reiser

Du har rett til frådrag for det talet på reiser du har hatt gjennom året. Fulltidsjobb svarer til 230 arbeidsdagar per år. Dersom du har deltidsarbeid som fører til færre arbeidsdagar, reduserer du talet på reiser tilsvarande. Fråvær på grunn av sjukdom, yrkesreise, permisjon o.l. skal trekkjast frå dersom det utgjer fleire enn 15 arbeidsdagar per år.

Døme

Avstanden frå heimen til arbeidsstaden er 35 kilometer éin veg, dvs. 70 kilometer tur-retur.

Ved daglege reiser i eitt år blir frådraget slik:

70 kilometer x 230 dagar x 1,50 kroner = 24 150 kroner

- Eigendel 22 000 kroner

= 2 150 kroner

Du fører beløpet 2 150 kroner i post 3.2.8 i skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.