Arbeidsgivaravgift - satsar

For inntekt som blir skattlagd etter svalbardskattelova, skal det ikkje betalast arbeidsgivaravgift.

Dersom du som arbeidsgivar er heimehøyrande på Svalbard, skal det ikkje betalast arbeidsgivaravgift for arbeid som blir utført på Svalbard. Dette gjeld sjølv om arbeidstakarane som tek imot lønnsutbetalingane ikkje er skattepliktige til Svalbard.

Lønnstrekk etter Svalbardskattelova skal rapporterast i samsvar med a-opplysningslova. Det er likevel slik at rapportering av arbeidsgivaravgift i samsvar med forskrift 15. desember 1997 nr. 1305 om skatt til Svalbard § 6 (4) inntil vidare er gjort frivillig.

Arbeidsgivarar som skal rapportere lønnstrekk etter svalbardskattelova skal nytte utrekningskoden "Lønnstrekk for Svalbard". Grunnlag for arbeidsgivaravgift kan registrerast, men gir inga avgift i og med at satsen er 0.