Skatt ved trekk i lønn

Lønnstrekkordninga

Dersom du tek imot du lønn eller anna godtgjersle for arbeid på Svalbard, er lønna skattepliktig til Svalbard anten ved at du er skattemessig busett eller når kvart einskild opphald i samband med arbeidstilhøvet varer samanhengande i minst 30 dagar.

Ordninga med trekk i lønn o.a. omfattar i hovudsak desse ytingane:

  • lønn og anna godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold, mellom anna honorar, provisjonar o.a.
  • styrehonorar o.l.
  • naturalytingar og overskot på godtgjersler 
  • vederlag ved opphøyr av arbeidstilhøve
  • pensjon, føderåd eller livrente som ledd i pensjonsordning i arbeidstilhøve når mottakaren er skattemessig busett på Svalbard (opphald over 12 månader).

Når ein reknar ut 30-dagarsperioden skal ikkje reisedagar til og frå Svalbard reknast som opphald på Svalbard.

Lønn som du tek imot for arbeid som er utført utanfor Svalbard, er ikkje skattepliktig til Svalbard sjølv om du er skattemessig busett her.

Av sjukepengar, fødselspengar og adopsjonspengar eller dagpengar under arbeidsløyse, blir det trekt skatt og avgift etter reglane i lønnstrekkordninga. Har du hatt mellombels opphald er føresetnaden for skatteplikt til Svalbard at opphaldet har vart samanhengande i minst 30 dagar, at du var i aktivt arbeid på Svalbard då retten til utbetaling oppstod, og at du framleis faktisk har opphald på Svalbard når du tek imot ytinga.

Feriegodtgjersle av lønn som er skattepliktig til Svalbard, skal skattleggjast i lønnstrekkordninga.

Skatten etter lønnstrekkordninga er ein rein bruttoskatt. Det blir derfor ikkje gitt frådrag i utrekningsgrunnlaget for skatt.  Arbeidsgivaren skal trekkje skatt av lønn/pensjon ved utbetaling til arbeidstakaren/trygdemottakaren. Skattetrekket er i utgangspunktet eit endeleg oppgjer for skatteforpliktinga på lønna/pensjonen.

Frå dette hovudprinsippet gjeld eitt unnatak for dei som tek imot lønn/pensjon frå fleire arbeidsgivarar når lønna/pensjonen samla utgjer meir enn 12 G dersom skattetrekket er for lågt. I slike tilfelle er du sjølv ansvarleg for å betale inn skatt med høg sats på overskytande lønn/pensjon over 12 G. Vi viser til punktet om innbetaling av skatt og avgift.

Skatt og trygdeavgift av inntekter som kjem inn under lønnstrekkordninga blir rekna av brutto lønn, pensjon o.a.

Det er ingen trekkfrie månader på Svalbard, og det blir ikkje utferda skattekort/frikort. Gjeldande skattesatsar på Svalbard.

Les meir i SKD-melding Om skatt og skattetrekk ved utbetaling av lønn o.a. for arbeid, pensjon og visse trygdeytingar på Svalbard, og lønn o.a. for arbeid på Jan Mayen og i Antarktis i 2017