Skattemelding

Alle som er skattmessig busette på Svalbard, skal levere skattemelding. Frå inntektsåret 2016 gjeld ordninga med leveringsfritak også for Svalbard.

Skattemeldinga kan leverast elektronisk eller sendast til Skatteetaten, postboks 4305, 8608 Mo i Rana innan utgangen av april i året etter inntektsåret. 

Næringsdrivande må levere skattemeldinga med vedlegg elektronisk og fristen for levering er 31. mai.

Skjema for utrekning av alminneleg inntekt for enkeltpersonføretak

Har du mellombels opphald, dvs. oppheld deg på Svalbard samanhengande i minst 30 dagar, men under eitt år, og driv næringsverksemd på Svalbard, må du spesifisere svalbardinntekta i skattemeldinga.

Har du mellombels opphald på Svalbard, dvs. oppheld deg her samanhengande i minst 30 dagar, men under eitt år, og har lønnsinntekt o.a. som blir skattlagd i lønnstrekkordninga, har du ikkje plikt til å levere skattemelding til Svalbard, men du skal levere til fastlandskommunen din.

Personar som flytter til Svalbard direkte frå utlandet har berre avgrensa skatteplikt til Svalbard dei første 5 åra. Denne gruppa har ikkje plikt til å levere skattemelding. Skattekontoret kan likevel påleggje kvar einskild å levere skattemelding.