To skatteordningar

Det er to skatteordningar på Svalbard. Kva for ei ordning du kjem inn under, kjem an på om du er underlagd alminneleg skatteplikt som busett (svalbardskattelova § 2-1), eller berre har avgrensa skatteplikt (svalbardskattelova § 2-2).

Inntekt som er skattepliktig til Svalbard blir skattlagd:

- ved trekk i lønn, pensjon o.a. (lønnstrekkordninga) og/eller

- ved eigenfastsetting (til dømes formue, kapitalinntekt, næringsinntekt, gjeld)

Dersom du har alminneleg skatteplikt til Svalbard som busett, eller er avgrensa skattepliktig for lønn og fast eigedom og/eller næringsverksemd kan det vere at du kjem inn under begge skatteordningane.

Oppheld du deg mellombels på Svalbard (minst 30 dagar samanhengande, men under 12 månader), og du i perioden berre har arbeidsinntekt o.a. her, kjem du berre inn under lønnstrekkordninga.