Utanlandsk arbeidskraft

Fysisk person blir rekna som skattemessig busett på Svalbard etter svbsktl. § 2-1 når vedkomande har teke varig opphald der. Varer opphaldet i minst 12 månader, blir personen rekna som busett allereie frå opphaldet byrjar. Kortare fråvær frå Svalbard, som ferieopphald, fører ikkje til at opphaldet blir rekna som avbrote. Sktl. § 2-1 andre ledd om vilkår for skatteplikt til Noreg ved innflytting kan ikkje nyttast når ein skal vurdere om ein person skal reknast som skattemessig busett på Svalbard, jf. svbsktl. § 3-1 andre ledd.

Personar som er skattemessig busette på Svalbard etter Svalbardskattelova. § 2-1, skal som hovudregel likestillast med person busett i utlandet jamfør skattelova § 2-35 andre ledd. Ein person som tek fast opphald på Svalbard fell inn under reglane om opphøyr av skatteplikt ved utflytting i skattelova § 2-1 tredje ledd. Opphaldet på Svalbard blir likestilt med opphald i utlandet i høve til desse reglane. Dette kan ha noko å seie dersom vedkomande etter opphaldet på Svalbard flyttar til ein tredje stat, og dei andre vilkåra i skattelova § 2-1 tredje ledd for opphøyr av skatteplikt til fastlandet er oppfylte i den perioden vedkomande var busett på Svalbard.

Skattetrekk og rapportering

Arbeidsgivar pliktar å trekkje skatt og trygdeavgift i lønn o.a. som blir skattlagt etter lov om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Dette gjeld lønn eller anna godtgjersle for arbeid for busette på Svalbard, og ved arbeidsopphald som varer samanhengande i minst 30 dagar.

For nærare omtale av ordninga med trekk i lønn som blir skattlagd etter lov om skatt til Svalbard (svalbardskattelova), viser vi til Svalbardmeldinga 2016.

Lønn o.a. som blir skattlagt etter lov om skatt til Svalbard (svalbardskattelova) skal rapporterast inn via a-melding. Rapportering av inntekter som blir skattlagde etter svalbardskattelova, følgjer den same ordninga som for fastlandet. Opplysningar om utført lønnstrekk skal innrapporterast kvar månad seinast den 5. i månaden etter.

Sjå òg i Rettleiinga til a-meldinga.

Fritak for arbeidsgivaravgift

For arbeidsgivarar som er heimehøyrande på Svalbard er satsen for arbeidsgivaravgift 0 pst. når arbeidet blir utført på Svalbard. Dette gjeld sjølv om arbeidstakaren ikkje oppheld seg lenge nok på Svalbard til at inntekta for arbeid utført der blir skattepliktig etter Svalbardskattelova.

Sjølv om arbeidsgivaren ikkje er heimehøyrande på Svalbard, er satsen for arbeidsgivaravgift 0 prosent på lønn og anna godtgjersle som blir skattlagt etter svalbardskattelova.

Vi viser til Svalbardmeldinga 2016. Vi viser òg til meldinga frå Skattedirektoratet om Arbeidsgivaravgift til folketrygda for 2016