Frådrag for kostnader til utdanning

  • Skriv ut

Kostnader til å oppnå ein bestemd kompetanse eller grad, til dømes grunnutdanning, vidareutdanning, spesialisering osv., får du i utgangspunktet ikkje frådrag for.

Kostnader du har til å halde ved like ei utdanning og/eller til å halde deg à jour med utviklinga i faget, gir rett til frådrag dersom du bruker utdanninga til å oppnå inntekt.

Er du arbeidstakar, er det i tillegg ein føresetnad for å få frådrag at du er i eit arbeidsforhold der utdanninga er relevant, til dømes vedlikehald av eit flysertifikat dersom du er yrkesaktiv som flygar.

Du har rett til frådrag for kostnader som er direkte knytte til utdanninga, til dømes undervisingsavgift, semesteravgift, eksamensavgift og skulebøker. Desse kostnadene inngår i minstefrådraget (post 3.2.1), dersom du vel minstefrådrag i staden for frådrag for faktiske kostnader (post 3.2.2).

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.