Frådrag for gjeldsrenter (rentefrådrag)

  • Skriv ut

Du får vanlegvis frådrag for alle renter du har betalt på låna dine i løpet av inntektsåret. Gjeldsrenter fører du i post 3.3.1 i skattemeldinga.

Denne posten skal vere førehandsutfylt med renter og frådragsgivande kostnader du har betalt til banken. Før opp eventuelle renter på private lån. 

Dersom skattekontoret ber om det, må du kunne sende inn dokumentasjon på beløpa.

Du kan òg krevje frådrag for:

  • kostnader ved opptak av lån, også etableringsgebyr 
  • finansieringskostnader i samband med konvertering av lån for å oppnå lågare rente, også kostnader til takstmann
  • gebyr til bustadselskap knytte til særskild nedbetaling av IN-lån (fellesgjeld med rett til individuell nedbetaling)   
  • renter på lån frå arbeidsgivar og frå private långivarar (til dømes familiemedlemer) 
  • betalte forseinkingsrenter av gjeldsrenter, og renter og kostnader ved kredittkjøp
  • renter på lån i utlandet

Du kan ikkje krevje rentefrådrag for dette:

  • Renter som har forfalle, men som du ikkje har betalt i 2016 (med mindre dei inngår i bokføringspliktig verksemd). Slike renter får du først frådrag for det året du betaler dei. For studielån i Lånekassen blir det òg berre gitt frådrag for renter som er betalte. 
  • Inkassogebyr og kostnader i samband med inkasso. 
  • Rentetillegg på restskatt (gjeld ikkje forseinkingsrenter).

Ektepar/sambuarpar med delt gjeld

Når fleire personar har lån saman og banken rapporterer inn beløpet på berre éin av låntakarane, må låntakarane sjølve fordele frådraget mellom seg i skattemeldinga etter ansvarsforhold overfor banken.

Ektepar kan velje å bruke ei anna fordeling. 

Sambuarpar som ønskjer ei anna fordeling av gjelda, må kunne vise fram ein intern avtale om korleis ansvaret for gjelda er fordelt. Frådrag for gjeldsrenter må fordelast etter ansvarsforholdet. Ein intern avtale berre om kven som skal betale rentene, har ingenting å seie for retten til å få frådrag for renter.

Ved renter på visse kredittkjøp er det avgrensa kor stort frådraget kan bli

For enkelte kredittkjøp gjeld visse formelle vilkår og avgrensingar med omsyn til storleiken på frådraget. For kvar avtale om kredittkjøp som fell inn under føresegna i forskrifta, er frådraget avgrensa til ein sats på 17 % effektiv rente. Avgrensinga gjeld ikkje ved kontokjøp der kredittytaren er ein bank eller eit finansieringsføretak. Du finn nærmare opplysningar om dette i Skatte-ABC.

Endringar som gjeld frå og med inntektsåret 2016

  • Skatten din reduserast med 25 prosent av det du betalar i renter og setter til frådrag.
  • Selskap osv. kan ikkje lenger trekkje frå alle rentekostnadene frå nærståande ved fastsetting av inntektsskatt.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.