BSU

  • Skriv ut

BSU – Bustadsparing for ungdom

Slik fører du BSU

Frådrag

BSU er ei spareform for deg som er under 33 år. Du kan spare inntil 25 000 kroner i året og du kan trekkje frå 5 000 kroner i året på skatten. Totalt sparebeløp er 300 000 kroner.

Kven kan spare?

Til og med det inntektsåret du fyller 33 år kan du spare på BSU-konto, og få skattefrådrag. Det er inga nedre aldersgrense for å opprette BSU-konto, men skattefrådrag får du først når du har inntekt. Vi rår deg ikkje til å opne ein BSU-konto om du er under 17 år og ikkje har skattbar arbeidsinntekt.

Sparekontrakten

BSU-konto kan berre opprettast éin gong for kvar person. Kontrakten inngår du med banken din eller ein annan spareinstitusjon. Du kan verken ha to BSU-kontoar eller opprette ein ny BSU-konto når ein tidlegare konto er gjort opp. Du kan flytte BSU-kontoen frå ein godkjend spareinstitusjon (til dømes ein bank) til ein annan, dersom innskotsbeløpet blir overført direkte mellom spareinstitusjonane.

Årleg sparebeløp og kor lenge du kan spare

Det årlege sparebeløpet kan ikkje overstige kroner 25 000. Samla innbetalt sparebeløp på kontoen kan ikkje overstige kroner 300 000. Dersom innbetalinga overstig beløpsgrensa, skal det overskytande beløpet returnerast til deg.

Renter av sparebeløpet kan ikkje nyttast som ein del av det årlege sparebeløpet. Ein reknar heller ikkje med rentene når ein bereknar maksimalt sparebeløp. Rentene kan ikkje takast ut før sparebeløpet blir nytta til bustad. Du kan likevel ta ut renter som kjem på frå og med det inntektsåret du fyller 34 år.

Det er ikkje noko krav om å spare kvart år. Det er heller ikkje avgrensa kor mange år ein kan spare, men det er ikkje mogeleg å halde fram med sparinga frå og med det året du fyller 34 år.

Det kan ikkje betalast inn nye sparebeløp etter at du har begynt å bruke sparemidla på BSU-kontoen, eller har brote kontrakten.

Sparepengane kan brukast til

  • Kjøp av ny fast bustad til eige bruk (til dømes kjøp av sjølveigarbustad, parts-/aksje-/obligasjonsleilegheit). Det er ikkje noko krav om at ein skal nytte sparebeløpet til førstegongs bustadkjøp.
  • Kjøpesum for nødvendig tomt
  • Betaling av renter og avdrag på lån på eksisterande bustad, nødvendig aksje, part eller obligasjon. Føresetnaden er at ein kjøper bustaden o.a. etter at BSU-kontrakten er inngått.
  • Kjøp av garasje

Sparepengane kan ikkje brukast til

  • Påkostnad/vedlikehald av bustad sjølv om han er ny, blir ikkje rekna som utgift til innkjøp av bustad.
  • Kjøp av bustad som ein har anskaffa og flytta inn i, før ein har inngått kontrakt om sparing.
  • Kjøp av, eller nedbetaling av gjeld, på andre eigedomar enn den faste bustaden din. Du kan til dømes ikkje bruke BSU-innskotet til å kjøpe fritidseigedom utan at vilkåra for skattefrådrag blir brotne.

Tillegg i skatt dersom ein bryt kontrakten

Bryt ein reglane for BSU-sparing, skal det i det inntektsåret reglane blir brotne, givast eit tillegg i skatten som er like stort som det skattebeløpet det tidlegare er gitt frådrag for. Dersom ein del av sparemidla er brukte slik vilkåra krev, skal ein berre gi tillegg i skatt for den delen av midla som ikkje er brukte til innkjøp av ny fast bustad. Dersom ein tek ut delar av midla til bustad, blir vilkåra vurderte ved første gongs uttak.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.