Skatteavgrensing ved lita skatteevne

  • Skriv ut

Har du over tid svært låg inntekt kan du etter ei streng behovsprøving få skatteavgrensing ved lita skatteevne. Det kan gjelde både einslege, ektepar og sambuarar. Inntekta må vere så låg at ho "ikkje kan reknast som tilstrekkeleg til eit nødvendig, nøkternt underhald" for deg sjølv og personar du har plikt til å forsørgje. Ein tek omsyn til formue og inntekt hjå deg sjølv, ektefellen eller sambuaren, og andre i husstanden.

Familiar og einslege med normale inntekter har ikkje rett til skatteavgrensing. Alderspensjonistar får automatisk skattefrådrag for pensjonsinntekt.

For å kunne få skatteavgrensing må du ha låg alminneleg inntekt. Med alminneleg inntekt meiner vi inntekta etter skattemessige frådrag. Du finn ho i skattemeldinga di, post 3.6. Utrekningsgrunnlaget er alminneleg inntekt før særfrådrag, med tillegg av skattefrie inntekter, mellom anna barnetrygd, kontantstøtte og bidrag. Det blir teke omsyn til arv, gåver, gevinstar og andre typar tilfeldige inntekter. Sosiale stønader, tilbakebetalt skatt eller restskatt er ikkje med i vurderinga.

Beløpsgrense (inntektsåret 2016)

  • For ektepar og meldepliktige sambuarar – kroner 256 300
  • For einslege – kroner 139 400

Dersom du har korrigert alminneleg inntekt til under eller lik beløpsgrensa, blir skatt og trygdeavgift null.

For det som overstig beløpsgrensa skal maksimal skatt vere 55 %.

Har du rett til studielån, har inntekt og formue fastsett ved skjønn, forbigåande inntektsnedgang, eller låg inntekt på grunn av deltidsarbeid, blir det vanlegvis ikkje gitt skatteavgrensing.

Slik søkjer du om skatteavgrensing

Skatteavgrensing ved lita skatteevne blir ikkje gitt automatisk. Du må sjølv leggje inn tilleggsopplysningar om dette i skattemeldinga post 5.0, tilleggsopplysningar. Vanlegvis må ein leggje inn opplysningar om husleige, straum, forsikring og andre faste utgifter.

Her kan du lese meir om vilkår og berekning ved lita skatteevne.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.