Meir om vilkår og berekning av skatteavgrensing ved lita skatteevne

  • Skriv ut

Reglane er omtalt nærare i Skatte-ABC 2016/17.

Skjønnsmessig vurdering

Skatteetaten gjer ei skjønnsmessig heilskapsvurdering av den skattepliktige si økonomiske stilling for å fastslå om den skattepliktige har så låg inntekt at det kan givast skatteavgrensing. Med låg inntekt meiner ein at inntekta ikkje er tilstrekkeleg for eit nødvendig, nøkternt underhald for den skattepliktige sjølv og dei han/ho har plikt til å forsørgje. Ved totalvurderinga blir det lagt vekt på kva den skattepliktige sjølv eller andre personar i husstanden har i disponibel inntekt og formue utanom primærbustad. Det blir òg teke omsyn til arv, gåver, gevinstar og andre typar tilfeldige inntekter. Ein ser derimot vekk frå sosiale stønader. Det blir heller ikkje teke omsyn til tilbakebetalt skatt eller restskatt.

Det skjer ei streng vurdering. Sivilombodsmannen uttalte i Utv. 1997 side 253 at det verkar naturleg å gi inntektsgrensa i § 17-1 ein viss rettleiande funksjon når ein skal vurdere skatteavgrensing etter § 17-4. Dersom det reelle biletet er at den skattepliktige over tid ikkje har meir til disposisjon enn grupper som kjem inn under § 17-1, talar gode grunnar for skatteavgrensing.

Utrekningsgrunnlag og maksimal skatt

I vurderinga skal ein finne eit utrekningsgrunnlag. Ein tek utgangspunkt i post 3.6. Det blir gjort tillegg for

  • særfrådrag
  • skjermingsfrådrag
  • skattefrie fordelar som barnebidrag, arv, gåver, barnetrygd, stipend, lotterigevinst o.l.
  • skattefrie gevinstar og andre inntekter, til dømes skattefrie leigeinntekter i fritakshandsama bustad
  • kostnader som det er gitt frådrag for ved den skattemessige fastsettinga, men som ikkje er påkravd for nødvendig underhald.

Lista er ikkje uttømmande.

Dersom utrekningsgrunnlaget er under eller lik beløpsgrensa blir skatt og trygdeavgift null. For det som overstig beløpsgrensa skal maksimal skatt vere 55 % av det overstigande. Beløpsgrensa (inntektsåret 2016) etter § 17-1 er kr 139 400 for einslege og kr 256 300 for ektepar og meldepliktige sambuarar.

Unnatak som ikkje gir rett til skatteavgrensing

Det blir vanlegvis ikkje gitt skatteavgrensing for skattepliktige som

  • har hatt rett til studielån i Lånekassen for ein større del av året
  • har fått fastsett inntekt og formue ved skjønn
  • har forbigåande nedgang i inntekta (som ikkje varer meir enn 2–3 år). Dette kan vere aktuelt dersom den skattepliktige tek imot arbeidsavklaringspengar som i seg sjølv er tidsavgrensa.
  • har hatt lågare inntekt på grunn av deltidsarbeid (til dømes på grunn av utdanning), kortvarig opphald i riket og liknande
  • frivillig har gitt avkall på ei moglegheit for inntekt

Ektefellar, sambuarar, husstandsfellesskap

Det skal òg takast omsyn til ektefellen si inntekt. Ein ser ektefellane si inntekt under eitt uansett om den skattemessige fastsettinga er særskilt eller felles. Det same gjeld for registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar. Ektefellane si inntekt skal òg sjåast under eitt for det året ekteskapet blir inngått, sjølv om fastsettinga skjer kvar for seg. Ektefellar som er separerte, blir vurderte som einslege frå og med separasjonsåret. Skattenedsetjinga blir fordelt forholdsmessig på kvar av ektefellane sin del av skatten før nedsetjinga. Inntekta til barn som blir likna saman med den skattepliktige, skal leggjast til inntekta. Det same gjeld inntekta til andre medlemer av husstanden utover det som blir rekna for å gå med til deira eige underhald.

Dersom du etter dette meiner å ha krav på skatteavgrensing, set du fram kravet i post 5.0

(Tilleggsopplysningar) i skattemeldinga. Dersom du oppfyller vilkåra for både skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt, skatteavgrensing ved lita skatteevne og skattefrådrag for pensjonsinntekt i det same inntektsåret, får du skatten fastsett etter den føresegna som gir lågast skatt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.