Sjå, endre eller levere skattemeldinga

Sjølvbetening

  • Skriv ut

Fristen for å levere skattemeldinga var 30. april, men du kan framleis endre og levere om du har fått utsett frist, eller om du finn feil eller har motteke nye eller forsinka oppgåver.

Fristen for å levere skattemeldinga var 30. april.

Har du fått tilsendt skattemelding for næringsdrivande uten å ha drevet næringsverksemd i 2016? Du må likevel levere skattemelding for næringsdrivande med næringsoppgåve 1 (RF-1175) uten å fylle ut næringsoppgåva. Leveringsfritak gjeld ikkje næringsdrivande.

Endre kontonummer

Du får pengane att raskare dersom vi har rett kontonummer. Mellom 4. april og 15. mai kan du sjekke og eventuelt endre kontonummeret ditt. 

Når kjem skatteoppgjeret?

Det er først når vi har handsama skattemeldinga di, at du får vite nøyaktig kor mykje du må betale eller får att. Det er dette vi kallar skatteoppgjeret.

På nest siste side i skattemeldinga ser du ei førebels utrekning av tilgodebeløp, det vil seie det vi skuldar deg, eller restskatt, det du skuldar Skatteetaten.

Vi varslar deg på e-post/sms når skatteoppgjeret ditt er klart. Første pulje med skatteoppgjer kjem 22. juni. Deretter blir det løpande oppgjer fram til 25. oktober.

Er du lønnsmottakar eller pensjonist og leverer skattemeldinga på papir, får du skatteoppgjeret ditt tidlegast i august.

Alle næringsdrivande må levere elektronisk.

 

Når du får skattemeldinga er det viktig å sjekke at alt er rett.

Her er nokre hjelpemiddel:

Har du endringar?

Sjå korleis du endrar postane i skattemeldinga.

Er du lønnsmottakar eller pensjonist og leverer skattemeldinga på papir, send ho til:

Skatteetaten
Postboks 4305
8608 Mo i Rana

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg med spørsmål om skattemeldinga.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.