Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

Ikkje betal for mye skatt – sjekk skattemeldinga di

  • Skriv ut

Arbeider du i Noreg må du ha eit skattekort. Arbeidsgivaren din kan hente det ut elektronisk så snart du har søkt om det.

Har du lønna arbeid i Noreg får du tilsendt skattemeldinga. Dette er Skatteetaten si oversikt over inntekta, frådraga, formuen og gjelda di frå føregåande år. Men det kan vere endringar vi ikkje veit om:         

Det er ditt ansvar å syte for at skattemeldinga er korrekt. Dersom du oppdagar feil eller manglar, må du endre og levere skattemeldinga innan 30. april.

Dette kan du òg gjere via nettsidene våre. Registrerer du deg som elektronisk brukar, får du skattemeldinga og skatteoppgjeret elektronisk. Du får sms eller e-post når dei er tilgjengelege.

Dersom du ikkje har permanent adresse i Noreg, tilrår vi på det sterkaste at du blir elektronisk brukar. Blir du ikkje det, må du til kvar tid halde oss oppdatert om adressa di, slik at vi når deg med viktig informasjon. Kanskje har du pengar til gode etter skatteoppgjeret?

Du kan ha krav på fleire frådrag enn dei du allereie veit om. Familiesituasjonen din, kvar du bur og om du pendlar kan ha noko å seie. Gå til skatteetaten.no for å sjå kva for frådrag du har krav på.

Dersom du ikkje har fått skattemeldinga før midten av april, må du sjølv ta kontakt med skatteetaten.

Og til slutt: Er alle opplysningane i skattemeldinga korrekte, treng du ikkje å levere.

Les meir på skatteetaten.no.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.