Elektronisk skattekort – slik fungerer det

  • Skriv ut

Skattekortet er elektronisk. Det vil seie at du ikkje får det heim i posten, og at du ikkje treng å levere det til arbeidsgivar. Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten.

Slik fungerer elektronisk skattekort:

  • Du vil ikkje lenger få skattekortet på papir.
  • I desember sender vi deg informasjon om skattekortet (skattetrekksmelding). Der vil du få informasjon om grunnlaget for utrekninga av skattetrekket ditt. Sjekk at grunnlaget stemmer. Er du registrert e-brukar, får du brevet elektronisk i meldingsboksen din i Altinn. Dersom du ikkje har fått meldinga innan 9. januar, kan du ringe til oss.
  • Stemmer ikkje grunnlaget i skattekortet ditt, kan du endre skattekortet.
  • Arbeidsgivar får melding dersom du endrar skattekortet ditt, slik at arbeidsgivaren alltid vil ha tilgang til det nyaste skattekortet ditt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.