Eg har ikkje fått skattekort. Kva skal eg gjere?

Skattekortet er blitt elektronisk. Det vil seie at du ikkje lenger får skattekortet heim i posten. Du skal heller ikkje levere noko til arbeidsgivar.

I staden for eit skattekort får du tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding). Er du registrert e-brukar, får du denne informasjonen elektronisk i meldingsboksen din i Altinn.

Dersom du ikkje har fått informasjon om skattekortet ditt innan 9. januar, kan det vere at Skatteetaten ikkje har nok grunnopplysningar om det. Då kan du bestille skattekort og leggje inn opplysningane sjølv.

NB: Hugs at arbeidsgivar kan bruke skattekortet ditt for året før på januarløna.