Korleis er skattekortet utrekna?

Vanlegvis blir det teke utgangspunkt i siste skatteoppgjer. Deretter blir det estimert kor mykje inntekta di og frådraga dine kjem til å endre seg i høve til dette. Opplysningane frå siste skatteoppgjer er nesten to år gamle når skattekortet blir skrive ut. Det kan ha skjedd mykje i økonomien din i mellomtida, difor er det viktig at du kontrollerer skattekortet.