Kva er elektronisk skattekort?

I 2014 innførde Skatteetaten elektronisk skattekort. Du treng ikkje levere skattekort til arbeidsgivaren din.


Slik fungerer elektronisk skattekort:

  • Du vil ikkje lenger få skattekortet på papir.
  • I desember sender vi deg informasjon om skattekortet (skattetrekksmelding). Der vil du få informasjon om grunnlaget for utrekninga av skattetrekket ditt. Sjekk at grunnlaget stemmer. Er du registrert e-brukar, får du brevet elektronisk i meldingsboksen din i Altinn.
  • Du treng ikkje levere noko til arbeidsgivaren din. Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt elektronisk.
  • Stemmer ikkje grunnlaget i skattekortet ditt, kan du endre skattekortet.
  • Arbeidsgivar får melding dersom du endrar skattekortet ditt i løpet av året, slik at arbeidsgivar alltid vil ha tilgang til det nyaste skattekortet ditt.