Kva er skilnaden på eit tabellkort og eit prosentkort?

Tabellkort

Med tabellkort blir det trekt meir og meir skatt dess høgare inntekta di er. Det finst fleire ulike tabellkodar, og desse blir rekna ut etter kor store kapitalinntekter og frådrag som er ført opp. Storleiken på løna eller pensjonen har ikkje noko å seie for tabellnummeret, så lenge alt blir utbetalt frå same arbeidsgivar.

Det vil seie at så lenge du har eit tabellkort og same arbeids- eller pensjonstilhøve, beheld du det same tabellnummeret sjølv om løna/pensjonen endrar seg, så lenge dei andre inntektene/frådraga er dei same.

Tabellkortet har to delar. Del 1 inneheld tabellnummeret, og det er etter denne tabellen skatten blir trekt hjå hovudarbeidsgivar. Del 2 av skattekortet, med prosentsatsen, skal nyttast dersom du har fleire arbeidsgivarar, og den blir òg nytta mellom anna på bonusutbetalingar. Dette inneber at det ikkje blir trekt prosentsats av hovudinntekta di.

Får du ytingar frå NAV og har arbeidsinntekt i tillegg? Då må du vere ekstra påpasseleg fordi NAV får skattekortopplysningane elektronisk og ikkje alltid er informert om at du har ein annan hovudarbeidsgivar. Pass på at ikkje både hovudarbeidsgivaren din og NAV nyttar del 1 av skattekortet og trekkjer etter tabell.

Prosentkort

Eit prosentkort trekkjer same prosenten i skatt sjølv om inntekta di endrar seg. Det vil seie at viss du tener meir enn det skattekortet er rekna ut etter, vil det trekkje for lite skatt. Viss du tener mindre, vil det trekkje for mykje.