Kva gjer eg når eg har fleire arbeidsgivarar?

Dersom du har tabellkort og fleire arbeidsgivarar, pensjonsutbetalarar eller liknande, bør du gjere desse merksame på om dei er hovudarbeidsgivaren din (der du tener mest) eller om dei er ein biarbeidsgivar. NAV er i denne samanhengen for arbeidsgivar å rekne.

Hovudarbeidsgivar skal trekkje skatt etter tabell, medan andre arbeidsgivarar skal trekkje skatt i prosent.

Du kan òg søkje om prosentkort for å unngå feil skattetrekk. I utgangspunktet får alle som har fleire arbeidsgivarar over tid utferda prosentkort, men Skatteetaten sine utrekningar er basert på siste kjende skatteoppgjer, eventuelt siste endring av skattekortet, slik at endringar gjort etter dette er ikkje fanga opp.

Har du frikort og meir enn ein arbeidsgivar, må du dele opp frikortbeløpet mellom arbeidsgivararne.