Kven kan hente skattekortet mitt?

For å hente eit skattekort må arbeidsgivar ha fødselsnummeret til han ein vil hente skattekort for. Arbeidsgivarar kan i samsvar med loven berre hente skattekort for personar dei skal utbetale trekkpliktige ytingar til.

Arbeidsgivar har rett til å hente skattekortet, fordi dei har ei plikt til å gjere eit forskuddstrekk. Det elektroniske skattekortet inneheld ei avgrensa mengd opplysningar, som opplysningar om tabell, trekkprosent og skattekommune.

Nokre arbeidsgivarar har ikkje heilt oppdaterte opplysningar i lønssystema sine, og kan difor kome i ein situasjon der dei hentar skattekort på andre enn sine noverande tilsette.

Oppdagar du at andre enn noverande arbeidsgivarar har henta ut skattekortet, bør du kontakte denne arbeidsgivarar for å få dette retta opp.