Når bør eg endre skattekortet mitt?

Har du kjøpt bustad og fått mykje i gjeld, eller skifta jobb og fått høgare løn? Då er det lurt å endre skattekortet, så du ikkje får feil skattetrekk.

Grunnar til å endre skattekortet:

  • Viss opplysningane som følgjer skattekortet ditt ikkje er rette
  • Viss du byrjar å jobbe
  • Viss du har fått lenger eller kortare veg mellom heim og arbeidsstad
  • Viss du er blitt ufør
  • Viss du er blitt pensjonist i løpet av det siste året
  • Viss du har byrja å ta ut heil eller delvis alderspensjon
  • Viss du endrar pensjonsgrad
  • Viss du har byrja å ta ut AFP
  • Viss du har slutta i løna stilling og berre har pensjon
  • Viss pensjonen din endrar seg frå uførepensjon til alderspensjon
  • Viss pensjonen din endrar seg frå etterlatnepensjon til alderspensjon
  • Viss det er endring i andre skattepliktige trygdeytingar
  • Viss du blir enkje eller enkjemann
  • Viss du har fått barn i barnehage
  • Viss du har kjøpt bustad eller bil og teke opp lån
  • Viss renteutgiftene dine endrar seg
  • Viss du blir åleineforsørgjar
  • Ved opphøyr av overgangsstønad