Bestill frikort

  • Skriv ut

Tener du 55 000 kroner eller mindre i løpet av eitt år, kan du bestille frikort. Eit frikort er eit skattekort som viser at arbeidsgivar ikkje skal trekkje skatt. Hadde du frikort i fjor, treng du ikkje å søkje om nytt frikort. Frikortet er allereie tilgjengeleg for arbeidsgivar.

Du kan bestille frikort frå det året du fyller 13 år. Foreldre kan ikkje bestille på vegner av barna sine. Du må bestille i ditt eige namn, med eigne PIN-kodar. Er du under 13 år, gjeld det andre reglar.

Er du E-bruker?

For å bestille frikort må du vere e-brukar. Søkjer du frikort på nettsida vår, blir du automatisk e-brukar. Det er ikkje mogeleg å bestille over telefon.

Er du utenlansk arbeidstakar gjeld desse reglane.

Frikort eller skattekort?

Bestill frikort dersom du trur at du kjem til å tene mindre enn 55 000 kr. Hugs at dersom du hadde frikort i fjor, treng du ikkje søkje om nytt frikort. Har du fleire arbeidsgivarar, må du dele frikortet ditt mellom dei.

Bestill skattekort dersom du trur at du kjem til å tene meir enn 55 000 kr. Tener du meir enn 55 000 kr i 2017 blir hele beløpet skattepliktig. Dersom du først har eit frikort, men kommer til å tene over 55 000 kr i løpet av året, kan du risikere å få eit høyt skattetrekk når du bestiller skattekort for å innhente skatt på dei første 55 000 kr du tjener.

Renteinntekter

Dersom du har andre inntekter i tillegg til vanleg lønn, til dømes renter på bankinnskot, kan det vere at du skal betale skatt sjølv om du har mindre enn 55 00 kroner i lønn. Du kan rekne ut om du skal betale skatt eller ikkje ved å bruke kalkulatoren for skatteutrekning. Dersom utrekna skatt blir 100 kroner eller meir, bestill skattekort.

Har du frikort og mottar stønad/yting frå NAV, må du gje beskjed til NAV for at dei skal bruke frikortet ditt.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg om du har spørsmål om frikort eller skattekort.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.