Frikort eller skattekort?

  • Skriv ut

Frå det året du fyller 13 år, skal du ha skattekort eller frikort dersom du tener eigne pengar.

  • Viss du tener 55 000 kroner eller mindre i løpet av året, treng du ikkje betale skatt. Eit frikort er eit skattekort som viser at arbeidsgivar ikkje skal trekkje skatt. Hadde du frikort i fjor treng du ikkje søke om nytt frikort. Frikortet er allereie tilgjengeleg for arbeidsgivar. Bestill frikort
  • Dersom du trur du kjem til å tene meir enn 55 000 kroner, bestill skattekort.

På frikortet kan du tene opp til 55 000 kroner utan at du blir trekt i skatt. Det gjeld all skattepliktig løn, sjukepengar, feriepengar, fri kost og losji.

Dette gjeld òg alle feriepengane du får utbetalt. Les meir om feriepengar hjå arbeidstilsynet eller hjå Altinn. Både feriepengar du tente opp i fjor og som blir utbetalt i år, og feriepengar du får utbetalt dersom du sluttar i jobben i år, inngår i frikortbeløpet på 55 000.

Kva om eg har frikort, og så oppdager at eg kjem til tene over 55.000?

Dersom du først har hatt frikort og kjem til å tene over 55.000, må du søka om nytt skattekort. Det beløpet du alt har tent utan å trekke skatt i, tas med i grunnlaget for beregninga av nytt skattekort. Uansett om du først har hatt frikort eller ikkje vil den totale skatten bli den same. Viss du ikkje bestillar nytt skattekort vil arbeidsgivar trekkje 50% skatt av inntekta du tener ut over frikortet.

Skattefrie småjobbar

Dersom du gjer eit lite arbeid for ein privatperson som ikkje betalar deg meir enn 1 000 kroner i løpet av året, skal du ikkje gje dette opp til Skatteetaten. Jobbar du for eit idrettslag eller ein annan frivillig organisasjon, kan du tene opptil 10 000 kroner i løpet av året utan at du må gje det opp. For lønnsarbeid i heimen, i hagen, med bilen eller på fritidseigedomen til ein privatperson kan du tene opptil 6 000 kroner i løpet av året hos denne personen utan at du må gje det opp.

Ta vare på lønsslippen

Kvar gong du får løn, skal du få lønsslipp frå arbeidsgivaren.Lønsslippen skal vise kva du har tent og kva som eventuelt er trekt frå i skatt. Den er òg kvittering for betalt skatt – ta vare på den.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg om du har spørsmål om frikort eller skattekort.

Start chat med oss

Her kan du bestille:

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.