Arbeidstilhøve

Skattefrie småjobbar

Kva betalar du ikkje skatt av?

  • Lønsinntekt inntil kr 1 000 per år frå ein arbeidsgivar (du kan ha fleire arbeidsgivarar pr år og tene inntil kr 1 000 frå kvar av dei)
  • lønsinntekt inntil kr 6 000 per år viss du jobbar i arbeidsgivar sin heim (døme: barnepass, plenklipping, snømåking)
  • lønsinntekt inntil kr 10 000 dersom arbeidsgivaren er ein ideell organisasjon (idrettslag, musikkorps osv).

Lønsslipp

Kvar gong du får løn, skal du ha ein lønsslipp frå arbeidsgivaren. Lønsslippen skal vise løn og kor mykje som eventuelt er trekt i skatt. Lønsslippen er òg ei kvittering for betalt skatt. Ta difor vare på den!

Sjukepengar

Har du ein jobb men kan ikkje arbeide fordi du er sjuk, kan du ha krav på sjukepengar. Sjå nav.no eller kontakt NAV for meir informasjon om sjukepengar.

Ferie og feriepengar

Du har rett til ferie kvart år – fem veker dersom du er organisert og har tariffavtale, og fire veker og ein dag viss du ikkje er organisert. Har du ein fast jobb, har du krav på tre veker samanhengande ferie mellom 1. juni og 30. september. Du har òg krav på feriepengar (10,2 prosent av løna og 12 prosent viss du er organisert og har tariffavtale). Feriepengane skal utbetalast siste løningsdag før ferien. Sluttar du, har du krav på å få feriepengane utbetalt med det same.

Når du sluttar

Du har krav på skriftleg sluttattest når du sluttar i eit arbeid. Attesten skal fortelje kva for arbeidsoppgåver du har hatt og kor lenge du har jobba. Den kan i tillegg beskrive andre forhold om deg som arbeidstaker. Ta vare på den, den kan vere god å ha når du søkjer annan jobb eller skule.

Den kortaste gjensidige oppseiingsfristen er ein månad rekna frå første dag i månaden etter oppseiinga. Arbeidsmiljølova gir vern mot usakleg oppseiing.