Sjølvmelding

Levering av sjølvmelding

Har du hatt arbeidsinntekt året før, får du tilsendt sjølvmelding i slutten av mars. Viss du ikkje har fått den innan midten av april, må du ta kontakt med skattekontoret. Du må levere sjølvmeldinga sjølv om du ikkje har tent meir enn frikortgrensa.

Du kan la vere å sende inn sjølvmeldinga dersom du, etter å ha kontrollert opplysningane som er fylte ut på førehand, meiner at sjølvmeldinga gir eit rett grunnlag for likninga di. Dersom du skal gjere endringar, kan du levere på skatteetaten.no. Hugs underskrifta viss du leverer papirutgåva til skattekontoret. Adressa står på sjølvmeldinga.

Meir informasjon om korleis du leverer finn du på sjølvmeldinga.

Skatteoppgjer

Skatt som blir trekt frå løna di, er ei førebels skattebetaling. Blir det trekt for mykje skatt, får du pengar tilbake når skatteoppgjeret kjem. Blir det trekt for lite, må du betale restskatt.

Du kan sjølv rekne ut skatten din. Prøv skatteutrekningsprogrammet vårt.

Saman med sjølvmeldinga di får du òg ei førebels skatteutrekning. Dersom du finn ut at du har betalt for lite skatt, kan du betale inn dette (tilleggsforskot) innan 31. mai året etter arbeidsåret. Då slepp du restskatt og renter.