Skatteklassar

  • Skriv ut

Skattesystemet består av to skatteklassar for personlege skattytarar: skatteklasse 1 og skatteklasse 2. Frå 2018 

Kva for ein skatteklasse du blir sett i, har mykje å seie for kor stort personfrådrag du får. Personfrådraget er eit fribeløp ved utrekninga av skatt på alminneleg inntekt (nettoinntekt). Personfrådraget i klasse 2 er høgare enn i klasse 1.

Det særskilde inntektsfrådraget for dei som er busette i Finnmark og i einskilde kommunar i Nord-Troms (Finnmarksfradråget) er det same i skatteklasse 1 og skatteklasse 2.

Du treng ikkje krevje personfrådraget og Finnmarksfrådraget i skattemeldinga, dette blir gitt automatisk på bakgrunn av dei opplysningane Skatteetaten har.

Alle einslege skattytarar skattleggjast i skatteklasse 1.

For einslege som forsørgjar barn under 18 år og mottar utvida barnetrygd fints det eit særfrådrag som erstattar fordelen ved skatteklasse 2. Einslege forsørgjarar får skatteklasse 1 på skattekortet sitt.

I skatteklasse 0 vert det ikkje gjevne personfrådrag.

Døme

  • Einsleg skattytar får skatteklasse 1. Med einsleg meiner ein her ein person som er ugift, skild, separert eller enkje/enkjemann.
  • Ektefelle som blir skattlagt særskilt for inntekta si, dvs. at ektefellane sine inntekter blir skattlagt kvar for seg, får skatteklasse 1 ved berekning av inntektsskatten.
  • Ektefellar som blir skattlagt under eitt for begge si samla inntekt, får skatteklasse 2. 
  • Dødsbu blir skattlagt i skatteklasse 1 eller 2 for det året skattytaren døydde.
  • Dødsbu vert skattlagt i skatteklasse 0 for år som følgjer etter dødsfallåret (når buet ikkje er oppgjord)
  • Upersonlege skattytarar (til dømes aksjeselskap) blir skattlagt i skatteklasse 0.

Nytt frå 2018

Skatteklasse 2 for ektefellar avviklast frå 1. januar 2018. For inntektsåret 2018 vert det berre gjeve personfrådrag i klasse 1. Det høgare personfrådraget som vert gitt til ektefellar som skattlegjast under eit for inntektene, fell bort.

Kvar av ektefellane som blei skattlagt i skatteklasse 2 tidlegare, får skatteklasse 1 på sitt skattekort for inntektsåret 2018.

Ektefellar skal fortsatt skattlegjast samen for formue.

Les mer...

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.