Fastsetjing av formuesverdi på bustad i skattekortet

  • Skriv ut

Den formuesverdien som står oppført på din bustad i skjemaet som følgjer skattekortet ditt, er ei førebels utrekning for å få eit mest mogeleg korrekt skattetrekk i det komande inntektsåret.

Dersom du meiner at den estimerte formuesverdien er feil og at dette er viktig for skattetrekket, kan du endre skattekortet ditt. Gi opp den formuesverdien du meiner er rett. Formuesverdien for primærbustader skal ikkje utgjere meir enn 30 prosent av bustaden sin marknadsverdi. Formuesverdien for ein sekundærbustad skal ikkje overstige bustadens marknadsverdi (2017). For inntektsåret 2016 lå tilsvarande grense for sekundærbustader på 96 prosent av bustadens marknadsverdien.

For å ta hensyn til ein forventa prisvekst i bustadmarkedet, er det lagt til grunn ein økning av formuesverdiane på primærbustader med 10 prosent frå 2015 til 2017. For sekundærbustader er det lagt inn ei økning på 41,4 prosent frå 2015 til 2017. I dette er det tatt hensyn til ein antatt marknadsmessig økning samt vedtatt økning av kvadratmeterprisen for sekundærbustader.

Formuesverdi på primær- og sekundærbustader

Formuesverdien for primærbustader (der den som eig bustaden er folkeregistrert busett ved utgangen av inntektsåret) utgjer 25 prosent (2016 og 2017) av utrekna marknadsverdi. Formuesverdien for sekundærbustad utgjer 90 prosent (2017) (80 prosent - 2016) av utrekna marknadsverdi. Dette er satsar som anvendes for å fastsetje formuesverdi på din bustad. Sjå over for satsane som gjeld ved krav om nettjing av formuesverdi.

Formuesverdi og formueskatt

Ein for høg eller låg formuesverdi vil berre ha noko å seie for skattetrekket om du betalar formuesskatt. Ein einsleg skattytar får ikkje skatt på formuen før etter at formuen er redusert med gjelda og eit botnfrådrag på kroner 1 480 000 (2017), (for inntektåret 2016 var botnfrådraget 1,2 millioner kroner). For ektepar er botnfrådraget på kroner 2 840 000 (2017), (for inntektåret 2016 var botnfrådraget 2,84 millioner kroner).

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.