Tabelltrekk for skattekort

Sjølvbetening

  • Skriv ut

Her finn du ein elektronisk versjon av trekktabellane. Trekktabellane viser kor mykje skatt arbeidsgjevaren skal trekkje dersom du har eit skattekort som viser ein tabell.

Når arbeidsgivaren/pensjonsutbetalaren hentar skattekortet ditt, får han/ho opplyst både tabelltrekk og prosentsats.

Har du fleire arbeidsgivarar/pensjonsutbetalarar, må du passe på at tabelltrekk blir brukt berre ein stad. Tabellkortet bør brukast der du har høgast inntekt; (hovudarbeidsgivar/-pensjonsutbetalar).

Etterbetaling og tabellkort

Skatt på etterbetalingar for inneverande år:
For etterbetalingar som gjeld for tidlegare periodar i inneverande år, blir prosentdelen av skattekortet nytta dersom skattepliktig har tabellkort, og prosentsatsen dersom skattepliktig har prosentkort.

Skatt på etterbetalingar og etteroppgjer for tidlegare år:
NAV og andre pensjonsutbetalarar skal bruke desse satsane ved etterbetalingar frå tidlegare år. 

  • 44 % som standardsats for uføretrygd. Unnatak 40 % for brukarar som skattar til Finnmark og delar av Troms.
  • 32 % for pensjonar og supplerande stønad. Unnatak 28 % for brukarar som skattar til Finnmark og delar av Troms.
  • 15 % for brukarar som er pliktige til å betale kjeldeskatt, gjeld pensjonar og uføretrygd.
  • Svalbardskatt blir trekt med 13,1 % for pensjonsytingar og 16,2 % for uføretrygd og ytingar som kjem i staden for arbeidsinntekt.

Forskotstrekk for sjøfolk som er skattemessig busette i utlandet (sjøtabell) 

Det blir ikkje skrive ut skattekort for sjøfolk som er busette i utlandet. For sjøfolk som er skattepliktige etter skattelova § 2-3 første ledd bokstav h er det fastsett eigne trekktabellar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.