Skattemelding

Skattemeldinga blir sendt til deg i månadsskiftet mars/april og viser opplysningar frå vertsfamilien om kor mykje du har tent og kor mykje skatt du har betalt året før. Du må sjekke at løna som er oppførd på skattemeldinga stemmer med lønsslippane / meldingane.

I byrjinga av året får du årsoppgåve frå banken som viser kor mykje du hadde i banken ved årsskiftet og renter. Opplysningane her må du sjekke mot skattemeldinga for å kontrollere at beløpet som er utfylt i skattemeldinga er rett.

Du har krav på 10 prosent standardfrådrag av bruttoinntekta for dei to første åra du er skattemessig busett i Noreg. Dette må du krevje sjølv i skattemeldinga. I tillegg må du skrive på skattemeldinga kor lenge du har vore i Noreg.

Alle endringane skal gjerast i skattemeldinga, og den må leverast innan 30. april.

Når du dreg frå Noreg, må du hugse å melde flytting til utlandet med ny adresse til Skatteetaten.