Skatt

Du skal betale skatt av det du får frå vertsfamilien. Det tyder at du skal betale skatt av lommepengar/løn og verdet av fri kost og losji. Når du søkjer om skattekort, må du difor vite både kor mye løn du skal få, og kor mange dagar du får kost og losji i løpet av året. Sjå satsane for kost og losji.

For å finne den skattepliktige inntekta, må du multiplisere satsen for kost og losji med mengd dagar du mottek fri kost og losji.

Meir informasjon om skatteregler for utanlandske arbeidstakare, finn du i brosjyren Informasjon til utanlandske arbeidstakare: Om skatt, skattekort og skattemelding.