Skattekort

Alle som skal arbeide i Noreg, må ha skattekort. Du må sjølv søkje om det ved å møte opp på eitt av 42 utvalde skattekontor og fylle ut skjemaet RF-1209.

Du vil deretter få tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding). Vertsfamilien/arbeidsgivaren din hentar skattekortet ditt elektronisk.

Skattekortet viser kor mykje skatt vertsfamilien skal trekkje før dei betalar ut løn til deg.

For å kunne rekne ut rett skattetrekk, må skattekontoret ha opplysningar om kor mykje du reknar med å tene i Noreg og kor lenge du skal opphalde deg her.

Det er òg viktig at du gir skattekontoret den adressa du får post til, og at du melder frå til skattekontoret dersom du får ei anna adresse. Dersom du reiser tilbake til heimlandet før du har fått skattemelding og/eller skatteoppgjer, er det viktig at skattekontoret og skatteoppkrevjaren får bustadadressa di i heimlandet.