Kven kan rekvirere D-nummer?

  • Skriv ut

Privatpersonar, utdanningsinstitusjonar, arbeidsgivarar, organisasjonar osb. kan ikkje rekvirere D-nummer sjølve. Trenger du D-nummer må du kontakte ein godkjend rekvirent ut frå kva behov du har.

Dei som kan rekvirere D-nummer, er:

  • Skattekontoret når det gjeld skatte- og avgiftsplikt. Skattekontoret kan ikkje rekvirere D-nummer til andre føremål. Hugs at du må møte personleg på eit av disse skattekontora dersom du skal søkje om skattekort og ikkje er registrert i folkeregisteret med fødselsnummer. Einskilde unnatak gjeld frå kravet om personleg oppmøte
  • Sentralskattekontoret for utanlandssaker når ein utanlandsk arbeidstakar arbeider i Noreg for eit utanlandsk firma og er unntatt oppmøteplikt for ID-kontroll
  • NAV for arbeidssøkjarar og mottakarar av trygdeytingar innanfor EØS
  • Bankar, finansinstitusjonar og forsikringsselskap for forretningsforhold med ein norsk bank eller annan finansinstitusjon
  • Verdipapirsentralen når det gjeld opprettelse av VPS-konto
  • Brønnøysundregistra for registrering i Føretaksregisteret, Einingsregisteret eller Lausøyreregisteret
  • Kartverket som matrikkelmyndigheit for tinglysing av fast eigedom
  • Helseøkonomiforvaltinga (Helfo) for asylsøkarar og NATO-personell som skal ha fastlege
  • Utlendingsdirektoratet, Politiets utlendingsenhet og Utlendingsnemnda for asylsøkar ved registrering av søknad om skydd

Kvar skal ein sende rekvisisjonen?

Rekvisisjon av D-nummer RF-1450 skal sendast fullstendig utfylt i to eksemplar av rekvirenten med vedlagt stadfesta kopi av legitimasjon til:

Personregisteret
Skatt Nord avd. Hammerfest
Postboks 200 sentrum
9615 Hammerfest

Kva for dokumentasjon skal ein leggje ved?

Kopi av gyldig pass eller nasjonalt ID-kort skal leggjast ved.

I dei tilfella nasjonalt ID-kort ikkje viser kjønn (gjeld blant anna Tyskland Italia og BE-NE-LUX-landa), må det òg målberast kopi av annan offisiell dokumentasjon for kjønn, til dømes fødselsattest.

Nordiske borgarar kan vedleggje kopi av gyldig førarkort og gyldig personbevis/ personutskrift/ utdrag frå befolkningsdatasystemet/ attestasjon/ frå folkeregistret i heimlandet. Utskriften skal underskrive og stempla og ikkje eldre enn tre månader.

Kopien skal vere stadfesta som rett kopi av ei norsk offentleg myndigheit (under dette skattekontor, politi, NAV, Brønnøysundregistra, norsk utanriksstasjon, notarius publicus (i Norge eller utlandet), tingretten), politi i eit anna nordisk land, norsk autorisert rekneskapsførar, norsk advokat, norsk eigedomsmeklar, norsk autorisert eller statsautorisert revisor. Norske bankar og forsikringsselskap kan òg stadfeste rett kopi.

Minimumskrav til legitimasjon er at den må vise:

  • Namn
  • Fødselsdato
  • Bilete
  • Kjønn
  • Statsborgarskap.

Oppbygging av D-nummer

D-nummeret skal ha elleve siffer og blir brukt til å identifisere deg saman med namnet ditt.

  • Dei seks første sifra i fødselsnummeret viser fødselsdato i rekkjefølgja dato, månad, år. Det første talet er tillagt fire.
  • Dei tre neste sifra er individnummer, der det tredje nummeret viser til kjønn, partal for kvinne og oddetal for mann.
  • Dei to siste sifra er kontrollsiffer.
  • Dei fem siste sifra i D-nummeret utgjer personnummeret.

Døme:

Ein person som er fødd 17.10.1961 får då D-nummer 57 10 61 + individnummer og kontrollsiffer (personnummeret).

Dag Månad År Individnummer Kontrollsiffer
57 10 61 xxx xx

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.