Er du tilsett eller næringsdrivande?

Det er svært vesentleg for rettane og pliktene dine i Noreg om du blir rekna som arbeidstakar eller næringsdrivande. Dersom du får fast løn eller løn som er rekna ut i høve til arbeidsinnsatsen, blir du normalt rekna som arbeidstakar. Har du eit sjølvstendig ansvar for arbeidsresultatet og oppdragsgivaren kan krevje erstatning for feil ved arbeidet, er du næringsdrivande.

Skattekontoret vurderer om du er arbeidstakar eller næringsdrivande.

Meiner du sjølv at du er sjølvstendig næringsdrivande, må du lese «Miniguide for utanlandske næringsdrivande og arbeidstakarar».

I dei aller fleste tilfella er det enkelt å bestemme om du er arbeidstakar eller næringsdrivande.

Når ein skal vurdere om du er arbeidstakar eller næringsdrivande, legg ein m.a. vekt på følgjande moment:

Næringsdrivande:

  • Du har fleire oppdragsgivarar, samtidig eller etter kvarandre
  • Du har ikje krav på fleire oppdrag fra din oppdragsgivar
  • Du får betaling i fast beløp og ikkje per tidseining
  • Du held eigne materialar
  • Du har eigne driftsmiddel, t.d. maskiner, verktøy, bil
  • Du kan la andre utføre arbeidet for deg
  • Oppdragsgivaren kan reklamere på resultatet

Arbeidstakar:

  • Du har berre ein arbeidsgivar
  • Du får betalt per tidseining, eller per eining, t.d. per kilo plukka jordbær (akkord)
  • Arbeidsgivar held materialar
  • Arbeidsgivar held driftsmiddel eller betalar deg ekstra for bruk av dine driftsmiddel
  • Du stiller di eiga arbeidskraft til rådvelde
  • Du kan ikkje la andre utføre arbeidet for deg
  • Arbeidsgivaren har fagleg og administrativ kontroll av arbeidet
  • Arbeidsgivaren ber risikoen for arbeidsresultatet

Det er avtalen mellom deg og oppdragsgivaren din, og korleis de faktisk har innretta dykk, som er avgjerande for om du blir rekna som arbeidstakar eller næringsdrivande. Er vilkåra for næringsverksemd ikkje oppfylte, er du arbeidstakar. Det er viktig at du så tidleg som mogeleg får avklart om du er arbeidstakar eller næringsdrivande etter norske skattereglar. Kontakt skattekontoret eller Sentralskattekontoret for utanlandssaker.

Er du arbeidstakar har du rettar som skal sikre løns- og arbeidsvilkåra dine. Du kan få meir informasjon frå Arbeidstilsynet.