Fødselsnummer eller D-nummer?

Når du søkjer om å få skattekort første gong, får du eit registreringsnummer: D-nummer eller fødselsnummer. Nummeret står på skattekortet og blir brukt til å identifisere deg hjå offentlege myndigheiter. Når du opprettar bankkonto i Noreg, må du oppgi dette nummeret til banken. Du bør ha ein bankkonto i Noreg som arbeidsgivaren kan setje inn løna di på og som myndigheitene seinare kan overføre eventuell for mykje trekt skatt til.

D-nummeret eller fødselsnummeret skal du bruke kvar gong du kjem til Noreg for å arbeide. Du må òg oppgi det når du ber om nytt skattekort.

I Noreg blir fødselsnummer og D-nummer i stor grad nytta til å identifisere innbyggjarane og for at myndigheitene skal ha ein sikker identitet av kvar einskild innbyggjar.

Alle som er busette i Noreg får eit unikt fødselsnummer som følgjer personen heile livet. Fødselsnummeret er sett saman av 11 siffer, der dei seks første sifra viser fødselsdato.

Utlendingar som kjem til Noreg for å arbeide i Noreg i under 6 månader, får ikkje fødselsnummer. Dei får i staden eit såkalla D-nummer. Det er bygd opp på same måte som fødselsnummeret, men her er det første sifferet auka med 4.

Har du ikkje fått D-nummer tidlegare, blir du tildelt D-nummer når du ber om skattekort. Du må vise fram identifikasjon (pass eller godkjent identitetskort). Når du har fått eit D-nummer, skal du bruke det same nummeret i alle samanhengar der du blir spurt etter fødsels- eller D-nummer.

Dersom du skal opphalde deg i Noreg så lenge at du blir rekna som busett etter folkeregisterlova, får du eit fødselsnummer. Har du tidlegare fått D-nummer, skal du deretter berre bruke fødselsnummeret.