Endring av grunnlaget for inntektsskatt

Meiner du at grunnlaget for inntektsskatt er feil, kan du sjølv korrigere opplysningane om inntekt og/eller frådrag i skattemeldinga. Om du leverer skattemeldinga elektronisk, kan du korrigere opplysningane elektronisk. Om du leverer skattemeldinga på papir, må du sende inn den korrigerte skattemeldinga. Du får då ei ny skatteutrekning og du får tilbakebetalt for mykje innbetalt skatt.

Du må sende ei klage til skatteoppkrevjaren når du meiner det er feil ved forskotstrekket.

Blir du skattlagt av same inntekt i heimlandet ditt, må du kontakte skattemyndigheitene i heimlandet for å få greie på korleis du unngår dobbeltskattlegging.