Korleis blir skatten rekna ut?

Det er to utrekningsgrunnlag for skatt:

  • Personinntekt (brutto løn og skattepliktige fordelar og godtgjersler frå arbeidsgivar). Av den blir det rekna trinnskatt til staten. Det blir òg rekna trygdeavgift av personinntekta.
  • Alminneleg inntekt (bruttoinntekt minus frådrag i inntekta). Av den blir det rekna ut skatt til kommune og fylke og fellesskatt til staten. Botnfrådraget i alminneleg inntekt blir kalla personfrådrag.

Dersom du er i Noreg heile året, får du fullt minstefrådrag og personfrådrag (12/12). Dersom du er busett i Noreg ein del av året, blir frådraga redusert i høve til kor lenge du har vore busett i Noreg. Er du skattepliktig for lønnsinntekt, men ikkje busett, får du minstefrådrag og personfrådrag for den perioden du har hatt skattepliktig inntekt. Har du til dømes arbeid i Noreg mellom 4 og 5 månader i eit år, blir frådraga 5/12 av fulle frådrag.

Døme på kva skatten kan bli for ein arbeidstakar som oppheld seg under 183 dagar i Noreg:

Skatten avheng av kor mykje du har i inntekt og kor lenge du oppheld deg her. Her er eit døme for ein lønstakar med arbeidsopphald i 5 månader (under 183 dagar) i 2017:

Arbeid i Noreg i 20 uker a 40 timer a NOK 200 per time = NOK 160 000  
100 timer overtid a NOK 300 = NOK 30 000  
Sum løn NOK 190 000  
Feriepengar 10,2 prosent av NOK 190 000 = NOK 19 380  
Sum inntekt som er skattepliktig i Noreg NOK 209 380 NOK 209 380

Minstefrådrag 44 prosent av NOK 209 380 = NOK 92 127,

men kan ikkje vere høgare enn 5/12 av NOK 94 750 =

NOK 39 479  
Standardfrådrag for utenlandsk arbeidstakar 10 prosent av NOK 209 380 = NOK 20 938  
Sum frådrag NOK 60 417 NOK 60 417
Alminnelig inntekt blir da NOK 209 308 – NOK 60 417 =   NOK 148 963
     
Sum skatt    
Trinnskatt - 0 prosent av 5/12 av NOK 164 100 NOK 0  NOK 0
Trinnskatt - 0,93 prosent av 5/12 av NOK 164 101-230 950 NOK 259  
Trinnskatt - 2,41 prosent av 5/12 av NOK 230 951-580 650 NOK 1 271  
Sum trinnskatt   NOK 1 530
Skatt av alminneleg inntekt blir rekna av NOK 148  963  
Redusert med 5/12 av personfrådrag klasse 1 NOK 53 150 = NOK 22 146  
24 prosent skatt skal reknas av NOK 126 817  
Sum skatt på alminneleg inntekt   NOK 30 436
I tillegg kjem trygdeavgift med 8.2 prosent av NOK 209 380 =   NOK 17 169
Sum skatt og trygdeavgift   NOK 49 135