Korleis blir skattetrekket fastsett?

Dersom du har fylt ut skjemaet «Søknad om skattekort for utanlandske borgarar» (RF-1209), blir skattetrekket rekna ut på grunnlag av dei opplysningane du har gitt i skjemaet. Elles må skattemyndigheitene fastsetje skattetrekket på grunnlag av dei opplysningane dei har tilgjengeleg, eventuelt estimere kva beløpa kan vere. Skattesatsane for kvart einskild år er fastsett av Stortinget som er nasjonalforsamlinga i Noreg.

Arbeidstakarar får vanlegvis tabellkort. Dersom du krev standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar, får du tabellar som særskild utarbeidde, der ein har teke omsyn til dette frådraget. Dei har nummer 7300 eller høgare.

Prosentkort blir skrive ut når tabellkort ikkje vil gi rett trekk. Arbeidsgivaren skal då rekne ut skattetrekket med prosentsatsen som er gitt opp.