Kva for plikter har eg når eg skal betale skatt i Noreg?

  • Du pliktar å gi opplysningar om inntekta, formuen og frådraga dine til skattemyndigheitene.
  • Opplysningane skal du gi i skattemeldinga som er eit skjema alle som er skattepliktig i Noreg, må levere ein gong i året.
  • Har du ikkje fått skattemelding, må du kontakte skattekontoret.
  • Du har ansvaret for at opplysningane i skattemeldinga er rette. Dette gjeld òg dei opplysningane som er utfylte på førehand.Gir du uriktige eller ufullstendige opplysningar kan du ileggjast tilleggsskatt.
  • Er du «skattemessig busett» i Noreg etter norske interne reglar, men «skattemessig busett» i eit anna land etter ein skatteavtale, har du likevel plikt til å sende ei fullstendig utfylt skattemelding til norske skattemyndigheiter.